Gardsbutikken

IMG_5126.jpg

I 2010 bygde vi ny geitefjøs, med plass til om lag 200 mjølkegeiter. Då laga vi samstundes til gardskjøkken og -butikk i tilknyting til fjøsavdelinga.

Kjekjøt har vorte ei etterspurd vare, og april månad er høgsesong. Kjea vert slakta anten vår eller haust. Dei første etter om lag seks veker, og har då ei slaktevekt på rundt fire kilo. Kjea som får gå på sommarbeite, og som ikkje skal brukast som mjølkedyr, vert slakta i september. Dei har då slaktevekt på omlag 15 kg.

I tillegg til kjekjøtet lagar vi kokemør og spekemør av reint geitekjøt. Pinnekjøt og spekelår vert produsert i tida fram mot jul, og bør tingast i god tid.

Alle skinn av geit og kje vert garva, og er populære gåveartiklar.

Frå 2003 har vi hatt om lag 5 mål bringebær, og ei avling på mellom 7 og 8 tonn per sesong. I tillegg til fersk konsumbær til butikk, hotell og direktesal frå garden lagar vi saft, sylte og gele av denne fantastiske råvara.

April / Mai:

Vi har fylt opp frysaren med kjekjøt, så no er det berre å fyre på grillen. Spekemør og kokemør av reint geitkjøt ligg og klart og ventar på deg. Salta og tørka kjelår har vorte ein "hit", og det finn du og i hyllene no.
Elles har vi som alltid bringebærprodukta ståande. Sylte, gele og saft smakar like godt som tidlegare.

Gardsbutikken i Melchiorgarden har ikkje fast opningstid no i April / Mai, men du kan likevel ta kontakt på telefon eller epost for tinging av varer.

Nokon av oss er som oftast heime på garden og vi tek gjerne i mot deg om du ønskjer å kome på besøk for å sjå om det er noko som kan friste i hyllene våre.

Varer og prisar

IMG_5097.jpg

IMG_5123.jpg