Velkomne til Melchiorgarden
Garden vår ligg i den idylliske bygda Norddal, som du finn midt mellom kjende Geirangerfjorden og Trollstigen. På garden har vi hund, kattar, høner og 250 mjølkegeiter. Kvar vår vert det livleg i geitefjøsen når 400 nye geitekje kjem til verda og skal takast vare på. På seinsommar og haust plukkar vi bringebær, eple, pærer, rips og andre godsaker. Hjå oss kan du få sjå, smake, oppleve og delta på det ein vestlandsgard har å tilby.
VI HAR AVSLUTTA OVERNATTINGSTILBODET VÅRT PÅ GARDEN - MEN VI SAMARBEIDER OM OVERNATTING MED PETRINES GJESTGIVERI - SOM ER VÅR NÆRASTE NABO - booking av overnatting her: www.petrines.com
Gardsbutikk og lokalmat.
Vi har fylt opp frysaren med kjekjøt, så no er det berre å fyre på grillen. Spekemør og kokemør av reint geitkjøt ligg og klart og ventar på deg. Salta og tørka kjelår har vorte ein "hit", og det finn du og i hyllene no.Elles har vi som alltid bringebærprodukta ståande. Sylte, gele og saft smakar like godt som tidlegare.
Turar og aktivitetar!
I juli satsar vi på å tilby mange aktivitetar med start frå Melchiorgarden. Det vert litt både for unge og eldre, for spreke, og litt for dei som tar livet meir med ro. sjå meir om turar og opplevingar her ...
Gi gjerne tilbakemelding på
Melchiorgarden på Facebook